No var fyrste veka ferdig. Det har gått bra med dei 2 eldste, men mor og minstejenta har hatt det litt tøft. Det er ikkje lett når du ikkje forstår eit ord, det er dobbelt timar og du må sitte å høyre / sjå på. Då er det lett å få vondt i magen, og tåran kjem. Men ein blir sterkare!
Men fredagen var det United day så då fekk foreldra kome å ete forskjelleg mat frå ulike land. Då fekk vi helse på foreldra frå Noreg og Laura kunne prate på norsk. Då vart jenta lik seg igjen.
Torsdag fekk bursdagsbarnet velge meny, så då vart det taco og is. Fredagen feira vi vidare med besøk av ein familie frå Ålesund. To jenter som Laura kunne leike og bade med. Då vart det bursdagsmeny med pølse, pizza og sjokoladekake. Så avslutta vi med bading i åttetida på kvelden.
No sitter mor og alle borna på loftstova med pc-ane, det renner ned ute, har aldri sett ei sånn regnbyge. Og jammen tordna det og! Far er på jobb kvar laurdag formiddag fram til 12.00. Pc-ane blir flittigt brukt, vi sitter her med kvar sin. I dag må vi vel finne på innendørs sightsing. Som sagt har aldri sett eit sånn regnskyll, men det er vel derfor det er så frodigt her i Singapore. Dei siste dagane har det vore ein del forurensing / røyk i lufta frå Sumatra. Der brenn dei skog trur eg, men dei har ikkje lov. Så då er det jo bra med litt regn å skylle det vekk..
Det var litt av denne veka, Julie og Oliver skal får skrive litt sjølv om erfaringane sine.
Snakkes!
No comments:
Post a Comment