Fredag skjedde det noko litt rart... Eg skulle gå på bussen, då satte eg meg ned som vanleg. Og Laura satt foran meg. Eg satt åleine og den dagen var det slik at vi skulle gå med nokon kle som kom fra landet vårt. Eller vise at vi kom fra det landet, eg gjekk med ei norsk t-skjorte og moods of norway sko. Den dagen heiter United Day (FN dagen). På bussen såg eg ei jente som gjekk med bunad. Eg trudde ho var frå eit annet land, fordi det er jo nokon andre land som går i bunad. Er det ikkje? Ho såg eg var fra Norge så ho spurte meg om ho kunne sitte ved siden av meg på norsk og eg nikka;D
Då sa Laura: Julie og så svarte både eg og ho som satt ved sidan av meg ja, og eg spurte om ho heite Julie og ho sa Ja. Så snakka vi om litt av kvart til bussen var framme. Eg fekk vite at ho ikkje budde langt frå meg og ho var et år yngre enn meg, men det gjer vel ingenting. Då eg kom heim igjen, så var eg glad som en hane :D Eg var glad resten av kvelden, vi fekk besøk og vi åt kake og eg fekk snakke med Sunniva. Det var kjekt, eg har ikkje snakka med ho heilt sidan eg reiste. Eg hadde soooo mykje å fortelle åååååå eg gleda meg til eg kan komme heim igjen og sove i eiga seng, og prate i vei om alt eg har opplevt, det bir soooo kjekt. Eg savna klassen min og mange andre soooo mykje. Eg sakna Bestemor og Mommo sine pannekaker:D Det blir kjekt og komme heim!:D
STOR STOR BAMSE KLEM FRÅ JULIE
Ikkje lett å lære gamle hundar å gøy Takk for den lange praten
ReplyDelete