No har det gått snart 4 veker, tida flyr like fort her som heime. Men det tyder jo på at ein har det bra.
Det er eit spennande land og vi har jo enda ikkje begynt å utforske det enda. Så vi får nok å gjere.
Vi har konsentrert oss om skulen, og der virka det som det er nesten meir aktivitetar for foreldra enn heime. Mykje å følgje opp!
Vi har testa ut parkane i nærområdet, og dei blir brukte til rollerskate, sykling, jogging, drager osv. Og så er det vanleg å slå opp telt der. Var mange telt der i helga. Mykje picnik, dei tar med seg store kasser med mat og heile familien, så tilbringer dei helga i parken.
Laura er den som har vore først på museum, måndag var ho på tur med klassen sin til Sentosa ei flott øy utanfor her. Og det hadde vore kjekkt, ho fekk vere med på ei gruppe med ei mamma frå Stavanger. Så då kom det ei fornøgd Laura heim.
Mor i huset har vore på Spansk dame lunsj i sjømannskirka, og der var det veldig mange damer frå Noreg. Ein gjeng som hadde laga mat, pynta og hadde program frå Spania.
Veldig hyggeleg, morosamt program med dei mannlege ansatte som "Seniorita". Ein pensjonert prest som hadde kjole og dansa spansk dans.
Julie har hatt noko som heiter MUNOFS Conference på skulen. Der var alle 5 klassingane diplomater for to dagar. Julie sin klasse var ambassadør for Singapore. Så var ambassadøren frå Ungarn der og hadde foredrag, ellers var det ein ambassadør frå kvar klasse som hadde foredrag.
Oliver hadde fri torsdag og fredag, for då hadde lærarane speed foreldre-konferanse. 10 min med kvar fag lærar.
Alle tre har fått beøkje nye vennar i helga, så vi begynner å køyre oss inn. Merkar at vi kanskje etter kvart treng å kome litt ut kvar for oss, og møte nye vennar. Kanskje litt mykje knuffing og irritasjon på kvarandre etter 4 veker ilag.
Det vart møbelbutikkar i helga og, har funne to flotte butikkar. Ser etter eit langt spisebord vi skal ha med heim til Noreg. Dei lagar det som vi ønskjer.
Tar tid å fylle opp ei leilighet!
Søndag var det familiegudstjeneste på Sjømannskirka. Der var Laura med i koret. Ein barnevennleg prest som tok ongane med i gudstjenesta.
I dag har eg vore å trimma med 8 damer, vi gjekk ei runde på 11 km i MC Rithie Park. Frodig, stor og flott park. Men eg var litt skvetten, måtte sjå opp for slangar, firfisle (eg kjem ikkje på kva det heiter) noko som ligna på krokodille men ikkje så store og farlige. Og vi møtte på mange apekatter, fekk beskjed om å ikkje sjå dei inn i auga. Men det var ein god tr. tur så eg skal vere med kvar måndag.
No skal eg på skulen, det skal vere opptak eller uttak til fotball lag??? Veit ikkje korleis det foregår?? Julie ville vere med, vi får sjå om det er berre dei beste som får vere med, eller først til mølla??
Det er mykje å sette seg inn i, ting vi ikkje forstår, ting vi ikkje har, og ting vi må prøve å finne.
No må eg på leit etter sovepose og underlag som Julie skal ha på overnatting i Singpore Zoo. Og Oliver og Julie skal på overnatting i sjømannskirka til helga.
Ellers trur eg, at eg snart har helst på nærmare 50 Norske damer i ulike miljø. Her er mellom 1500 og 2000 norske, så det er jo fleire her enn i Hornindal. Eg er begynt å skrive ned navn så eg skal huske kven, kven er???
Goodbye!!
hei
ReplyDeletetesting
ReplyDeleteHei, Berit her... vui driv og skal få til å kommentere. Kjekk blogg, fortsett å skriv. Kjekt å følge med dokke. Her i Honndalen vakva vi til snø idag, no er det slaps.
ReplyDeleteprøve
ReplyDeleteEi prøve til
ReplyDelete