Svømmebassenget!

Svømmebassenget!
Morgenbad, Dagbad og kveldsbad.

Tuesday, October 19, 2010

Kvardagen!

Så var kvardagen i gang!
Måndag 18 Oktober 2010 starta Oliver i grade 7, Julie i grade 5 og Laura i grade 2 på Overseas Family School.
Skulebussen kom å henta dei på "Condoen" vår, og dei reiste åleine til skulen. Vi tok taxi og håpte å kome før dei til skulen.
Der leverte vi dei på kvart sitt klasserom, og vi sette oss på "parentsroom" i kjellaren. Mor var nesten meir nervøs no, enn første skuledag i Noreg..

Det var litt tøft å levere dei å gå, men det som hjalp var jo selfølgeleg at der var 3 norske i klassen til Laura, 2 norske gutar i klassen til Julie og 1 norsk gut i klassen til Oliver. Og ellers så går dei i ein SPP klasse, det vil seie at alle er i same båt, dei kan lite engelsk og får ekstra opplæring i det.

Men det blir lange dagar, 09.00-15.30. Og Laura klaga på at det var lange timar, dei køyre dobbelt timar. Så har dei 1 time lunsj midt på dagen og snack måltid seinare.
Men det utrulege og flotte i følgje borna, er jo at dei har kantine. Og gjett kva dei kan kjøpe der?? Is, div.drikke, kjeks, frukt, sandvich og dei har varme måltid dersom ein ønskjer det. Dette likte ikkje mor så godt. Mor sin policy er jo at borna skal ete sunn mat kvar dag. Og dersom dei skal bli frista av godsaker så har ein jo selfølgeleg lyst på det.
Men det er fullt mogleg å ta med mat heime i frå, så no prøver mor å ta opp kampen med kantina.

Tysdagen reiste dei åleine med bussen til skulen og heim. Det er ein voldsom logistikk på skulen, for der er 3000 elevar på skulen og ein haug med bussar. Men der er mange vakter og alle har sine plassar å gå til. Det er utruleg å sjå kor det fungerte. Så det gjekk heilt fint, bortsett frå at det var litt lenge med buss meinte Laura (ca halv time).

Foreldra er velkomen til å kome inn å ete lunsj med borna. Så mor reiste inn og var med Laura i lunsjen, dei andre var med nye vennar. Det var ikkje like lett å reise, for Laura ville gjerne ha mor med.
Men avtalen er at mor tar lunsjen der så lenge Laura vil det!

Lekse starta vi med første dagen, og her må både far og mor bruke ordlista flittig. Vi må jo heilt sikkert lære mykje av dette.

Fortseting kjem!

4 comments:

  1. Hei!! Spennande dagar!! Eg er sikker på at de har mange ting å henge fingrane i, det går seg nok til etter ei stund. Stå på!! Gledar meg til å lese meir, klem klem :)

    ReplyDelete
  2. Hei! Hørtes ut som en fin avtale!
    Dokke kjeme til å bli rå god i engelsk heile gjengen etterkvart ;)
    Kjekt å kunne følge med på blogg!
    Klem til alle 5 :)

    ReplyDelete
  3. God kveld :)
    det er så kjekt å lese om det dere opplever, og er ikke det minste misunnelig... ;) synes alt høres spennende ut og syns det er 3 tøffe honndøler som har startet på ny skole. og mamma er tøff hun også, jeg tror jeg hadde tatt med solstolen og sittet i skolegården hele dagen...
    her har det snødd i natt og i dag... Sanden ligger med et lite hvitt teppe over seg, - vi har god utsikt her oppe på Nyland!
    Ha en riktig fin torsdag der nede, gleder meg til å lese mer :)

    ReplyDelete
  4. Så moro å lese bloggen Ut for å varme seg og inn å kjøle seg Heilt omvendt her De er flinke og modige alle saman Gjekk det fint på turen til Julie i helga? Når eg ser dokke på Skype er de så nær Har lyst å klemme dokke Og når vi slær av er de langt borte att I dag er Fixi sjuk Ho ligg strak ut på sofaen ikkje et eller noko Dyrlegen trøysta meg med at ho har raska i seg eit eller anna og trudde ho vart bra om eit par dagar De kan tru ho og Roksi leika no i helga Litt av eit spetakkel I dag var her 10gr minus Uff uff Ha det fint alle 5

    ReplyDelete