Eventyret har så langt bestått av mykje bading.
Denne helga har vi prøvd å gjere oss meir kjennt og hente inn litt informasjon om skule og div.
Vi har vore på Sjømannskirka og helst på mange hyggelege folk. Laurdag åt vi risengrynsgraut og vafler. Søndag fekk vi nydeleg grillmat og vafler. Her likte borna seg. Så no skal Laura begynne på kor og Julie og Oliver på 9- 13 års klubb.
Ellers har vi testa ut Gps i bilen, og Laura lurte på om vi måtte høyre på ho dama i 1.5 år? Litt vanskeleg å stole på ho heile tida.. Men vi fann fram til Chinatown, eit spennande og fargerikt område.
Det må undersøkast meir! Både buddha figurar og mykje anna kunst.
Ellers har vi testa ein lokal Hawker place. Vanlegvis står Hawker centres åleine under open himmel iallefall opne på sida. Dei er store og gamle. Dei har vanlegvis store variasjonar med forskjellige lokale matrettar å tilby. Det er ein plass du kan velge ulik mat frå mange ulike "sjapper". Og det er veldig billig, vi betalte ca 100 kr for 5 personar. ( nudlar,ris, svinekjøtt, and og kylling)
Det bugnar over med ting som må opplevast! Så vi håpar på eit langt og spennande eventyr.
No comments:
Post a Comment