Svømmebassenget!

Svømmebassenget!
Morgenbad, Dagbad og kveldsbad.

Friday, October 8, 2010

Ferske Bloggara!

No skal Fam. Haugen prøve seg som bloggara.
Vi har no vore i Singapore i 2 netter, og i skrivande stund er det berre mor som er oppe. Han far har vore på jobb og tjent til livets opphold. Og borna er lagde, sjølv om klokka berre er 19.00 i Noreg. Her nærma ho seg styggt 01.00.
Dagen i dag har vi blitt kjennt på condoen vår eller leilighetskomplekset vårt. 
Her er flotte basseng, tennisbane, trenings stasjonar ute, tr. rom inne, leikeapperat både her og der, grillplassar, osv. vi hadde ein runde for å bli kjennt.

På denne bloggen skal vi prøve å skrive litt om korleis det er å forlate kvardagslivet, og prøve noko heilt anna. Kva opplevelsar vi kan få, og kva utfordringar vi kan møte på?
Både born og voksne kjem til å skrive og vi vil leggje inn bilder frå kva vi opplever her i Singapore.

Vi startar bokstavleg talt med nye blanke ark. Ei ny TOM leilighet som ikkje har anna enn sengar, begynnar pakke frå Ikea på kjøkkenet. Så no har vi vore på Ikea å best. ein sofa, og kjøpt inn div kjøkkenutstyr og eit databord som vi får bruke til kjøkkenbord så lenge.  Lenge leve Ikea!
Planen er å møblere resten av leiligheta med asiatiske møblar frå ulike marknadar.

Alle 3 borna har vore å blitt testa på Overseas Familiy School, og dei fekk plass. Det var godt, så dei begynner etter haustferien i veke 42.  Så no får vi trene oss på engelsk, særleg mor. 

Så får vi får tid til å venne oss til mat og varme. Litt overgang er det, borna har mindre matlyst i varmen, og vi må finne ut kva som er godt!
Men vi var jo på Ikea i dag, og der var svenska kjøttbollar, blåbærsylte, tyttebærsylte, kavring, knekkebrød. Er det noko problem???


2 comments:

  1. Høres så spennende ut!! Kjekt at dokke har oppretta en blogg vi kan følge med på :)

    ReplyDelete
  2. Heisann. Fyrste gang eg skriv på blogg, så får håpe eg ikkje gjere noko gale. Det såg herleg ut der. Ser ut til at de finn dåkke godt til rette. Kjekkt å kunne halde kontakta her. Sonja og Helena skal få slippe til når eg har forstått meg på dette. Lykke til vidare, veldig spennande å fylgje med kor det går med Singaporegjengen.

    ReplyDelete