Vi vil ønskje alle ei God Jul og eit Godt Nytt år. Vi har ikkje laga julekort, sidan det er dårleg med julestemning her nede.
Det er skulefri og ongane kosar seg. Og dei har snudd døgnet, lenge oppe og sove til 11-12. Men faren i huset jobbar i romjula, så han legg seg først og står opp først.
No har vi forflytta oss ned til bassenget, og det er veldig så idyllisk. Borna spelar kort på solsenga og mor har planar om å få litt farge..
Jula har gått greit, men eg trur ikkje vi er så veldig opptatt av den, gløymer at det er jul.
Det var godt med pinnekjøtt på juleafta, og pakkane var populære. Og mor tykkte julenissen var det beste, vart litt overraska når han kom på døra.
Borna seier dei har erstatta leik i snøen med leik i vatn, og dei savnar snøen. "Ja takk begge deler"!
Men vi var på Tanglin Mall og opplevde snøstorm. Der spruta dei ut skum på alle som ville og det snødde fint ned på eit cd juletre. Og flott julemusikk, det meste her blir kunstig medan heime er det meir ekte..
Vi prøver å finne på litt aktivitetar når far er på jobb og mor har fått smaken på å køyre
bil. Køyrer etter Klara klok på GPS-en då går det fint.
Hei..der i snøstorm:) T-skjorte er for lite..skal vi sende ull? Mykje spennande og nytt i dokkar juleferie! Ikkje berre de som har bada i jula (!), Torill hoppa i sjøen julafta i 8 minus...modig jente! Største fyrverkeriet blir nok i Singapore...GODT NYTT ÅR til alle 5, kos dokke vidare i eitt heilt nytt år! Nyttårsklem frå oss på Øye.
ReplyDeleteP.S. Lurer på om de ser hai på bilde de står og peikar...?
Hei og God Jul og Godt nyttår til dåkke og!! Må seie eg saknar å ha dåkke her no i jula, det var vore skammeleg lite rødvin Stin!!! Men dog nok champagne femtedag, det vog vel opp for heile jula ja, hehe
ReplyDeleteTenkjer på den store reisa om få veker, jammen mykje som skal skje før då og, så det blir ein velfortent ferie. Gledar meg masse!!! Stor klem!!