Her blir det lite julestemning, men det beste er at du slepp julepresset.
Ser at nokre norske damer er i gang, men det blir eg ikkje påvirka av. Eg har verken vaska ned, laga kake, handla julegåer, skrive julekort eller noko anna stress. Men vi har fått LÅNE eit perfekt juletre med pynt frå Ikea. Alle greinene står der dei skal og gjer dei ikkje det, bøye du berre litt på det. Det var ei vennleg dame frå Sunnmøre som lånte vekk tre, pynt og nokre nissar, ho skulle heim å feire jul.
Så i år pynta vi juletreet 1 desember sidan det ikkje er fare for at vi får julestemning av det. Og ikkje drøse det heller.:-) Vi kunne kjøpe eit ekte, men det måtte vi opp i 1000 lappen for og det er det vel ikkje verdt, ikkje mykje miljøvennleg heller med tanke på reisa..
Einaste tegn til julestemning har vore på julekonsertane, Laura sang i kyrkja og etter på var det voksnekoret som hadde konsert, vakkert!
Både Laura og Julie har hatt Christmas holiday concert i klassane sine. Det var morosamt og mykje god underholdning, dyktige elevar. Mykje sang, dans, musikk. Til og med lærarane hadde eget orkester og sang men det var rett og slett ikkje vakkert.
No er det ei veke igjen på skule så er det 3 veke juleferie, det skal bli spennande for mor og tre sosiale barn. Vi får satse på litt sightsing..
No er det leggjetid, her blir tidleg mørkt, så det er kanskje grunnen til at vi er så trøtte kvar kveld. Vi får blogge meir i våken tilstand. Goodnight!!!!
Hei, eg syns no de er heldige som slepp dette julestyret, nyt det medan de kan:))) Her er det kø overalt og folk handlar og handlar. Fint juletre de har, artig med sommarkjole til jul. Det kunna eg og tenkt meg, Klem til alle, b.
ReplyDeleteHei alle saman! Vi ventar på at sola snart skal snu...de som ser den kvar dag...kan de skunde på den? Tenk å få låne seg juletre, til og med pynta....og så flotte dekorasjonar rundt treet:)Spennande pepperkake figurar har de og!
ReplyDeleteKos dokke.
Eg prøver igjen Så fine de er på billde og så goe Ser ut som de har i hus det meste til jul med meg er det rot men berre vent Flisane er komne på plass i gangane skal fugast mandag Og då skal eg rydde Gle meg til det er ferdig No skal vi sjå
ReplyDelete