Svømmebassenget!

Svømmebassenget!
Morgenbad, Dagbad og kveldsbad.

Monday, February 28, 2011

1 MARS 2011!

Halloen alle gode vennar og familie!

No har vi snart vore her i 5 mnd, det har gått fort. Det har vore dårleg med blogging i det siste, men eg er vel redd for at gjentek meg sjølv. Er ikkje den store blog dronninga.

Vi har det fortsatt bra, bortsett frå at eg slite litt med heimelengselen. Det er vel helst det å finne sin rolle her nede. Og savnet etter den gode familien og vennar. Expat wife er ikkje berre berre, her er mange ulike måtar å vere det på. Nokon brukar tida på å shoppe, cafe, og pleie kroppen. Men det har eg verken råd til eller lyst til. Nokon har små ongar som dei må ta seg av, og går på ulike leikegr. Mange finn ulike kurs, organisasjonar og aktivitetar ein kan drive med. Eg har jo funne mine akt. og damer som eg er med. Mandag Tai chi, onsdag roller blades, torsdag styrketr. i ein park med personleg trenar, fredag engelsk kurs (men no er læraren bortreist i 1 mnd.) Og i helgane er det familie tid.
Men den følelsen at du gjer ein god jobb, den får du ikkje her, det er vel derfor eg har ein liten nedtur no, som er heilt vanleg etter kva dei andre expat damene fortel. Det er visst vanleg å ha ein opptur når ein kjem og alt er nytt, så kjem nedturen etter nokon mnd. då ting blir litt tungt saman med heimlengsel.

Eg merkar og på borna at det går litt opp og ned, det er mykje å forholde seg til og mykje som dei må takle. Men det er jo fortsatt mykje gode erfaringar og opplevingar.
Eit stort savn er å ha fleire rundt seg som ein kan spele på, kan bli intenst i helgane når alle vil ha oppmerksomhet og gjere sine ting.. Ikkje alltid dei gode helgane blir vellykka, like vanskeleg her som heime å få med alle ut på tur.:-)

27 januar fekk vi besøk av Elisabet, Amalie, Haakon, Mamma, Margun og tante Ingrid og det trur eg var større enn julekvelden. Vi hadde det veldig kjekkt med besøk, då var vi 11 stk, så då var det liv i huset! Då vart det og ein del Sightsing som vi hadde spart på til vi fekk besøk. Her nede var det feiring av Chinese New Year, og det er større enn juleferinga.
Vi fekk gå i Chinatown, prøve fiskespa, var på toppen i Marina Sand hotellet, var opp i singapore Flyer, gjekk tur på tre topp bruene, var på shopping i vanlege shoppingsenter og på kinesiske senter. Og mykje soling og bading!
Kort fortalt veldig kjekkt, og trist når dei reiste.

No skal eg ta meg ein tr. tur i ein av dei mange parkane. Skal prøve å skrive og leggje inn fleire bilder seinare. Tida går fort når du set med pc.

Ha ein fin dag!

2 comments:

  1. Kjekt å høyre frå dokke igjen:) Det er slik som naboen sa;opptur å reise ut og første tida, så får ein nedtur før det normalisrar seg på eit jevnare kvardagsliv. De får iallefall mykje med dokke også, språk og det er kjekt å kunne... snart sommarferie og etterpå blir sikkert siste etappe i kortaste leget:)) Klemm frå B/tante

    ReplyDelete
  2. uansett så e d kjekt å bare lesa ka dagene dåkkas går ud på!
    glede meg suuuupermasse t å få se alle igjen t sommeren!! åsså krysse eg ennå fingrene for at et besøk e innenfor rekkevidde :):):)
    kos og klem og smask og dask fra siri!

    ps kjempekjempe kjekt med bursdagstelefon fra laura å lars:)

    ReplyDelete