No er vi godt i gong med 2011.
Fortsatt skuleferie, den 12 begynner kvardagen igjen. Då er det skule, lekse, fritidsakt for
borna. Og rollerskate / trimturar / husarbeid for mor. Så jobbar jo far då.
Nyttårsaften vart feira i Singapore, vi reiste inn til Marina Bay der var det veldig folksomt og mykje å sjå på. Vi åt nyttårs middagen på ein italiensk restaurang. Folk stillde seg opp 5 timar før for å få best plassering til oppskytinga, vi valgde å reise på ei høgde i byen for å kome vekk frå folkemengda og få litt utsikt. Det var det fleire som hadde tenkt på så vi vart ikkje åleine. Vi fekk litt stjerneskudd med nokon ungdomar og så var vi i gong. Litt meir rakettar her enn i Hånndalen :-)
2 Nyttårsdag hadde vi oss ein tur på høgste fjellet i Singapore ca 160 m. Det var jo berre ein blåbærtur for fjellgeitene frå Hornindal. Det var ein bratt bakke opp. På toppen møtte fleire apekattar oss, dei stod på "haude" ned i søppelkassene. Mykje godt der.. Ein fin tur!
Vi såg ingen slangar, berre firfisle..
Ellers har vi vore på badestranda, div. parkar og vi har bytta litt om på borna. Dei har vore litt på overnattingar med vennar.
No skal eg prøve å få borna til å skrive litt frå ferien..
Klem frå mor.
Ser ut som dei vann 1 meter med å legge ein stein på toppen av fjellet:) No ventar vi på blogg frå ungane... Fin familie! Klem fra B.
ReplyDelete