Svømmebassenget!

Svømmebassenget!
Morgenbad, Dagbad og kveldsbad.

Wednesday, December 29, 2010

GOD JUL OG GODT NYTT ÅR!

Vi vil ønskje alle ei God Jul og eit Godt Nytt år. Vi har ikkje laga julekort, sidan det er dårleg med julestemning her nede.

Det er skulefri og ongane kosar seg. Og dei har snudd døgnet, lenge oppe og sove til 11-12. Men faren i huset jobbar i romjula, så han legg seg først og står opp først.

No har vi forflytta oss ned til bassenget, og det er veldig så idyllisk. Borna spelar kort på solsenga og mor har planar om å få litt farge..

Jula har gått greit, men eg trur ikkje vi er så veldig opptatt av den, gløymer at det er jul.
Det var godt med pinnekjøtt på juleafta, og pakkane var populære. Og mor tykkte julenissen var det beste, vart litt overraska når han kom på døra.

Borna seier dei har erstatta leik i snøen med leik i vatn, og dei savnar snøen. "Ja takk begge deler"!
Men vi var på Tanglin Mall og opplevde snøstorm. Der spruta dei ut skum på alle som ville og det snødde fint ned på eit cd juletre. Og flott julemusikk, det meste her blir kunstig medan heime er det meir ekte..


Vi prøver å finne på litt aktivitetar når far er på jobb og mor har fått smaken på å køyre
bil. Køyrer etter Klara klok på GPS-en då går det fint.

Saturday, December 11, 2010

Juleførbuing!

Her blir det lite julestemning, men det beste er at du slepp julepresset.
Ser at nokre norske damer er i gang, men det blir eg ikkje påvirka av. Eg har verken vaska ned, laga kake, handla julegåer, skrive julekort eller noko anna stress. Men vi har fått LÅNE eit perfekt juletre med pynt frå Ikea. Alle greinene står der dei skal og gjer dei ikkje det, bøye du berre litt på det. Det var ei vennleg dame frå Sunnmøre som lånte vekk tre, pynt og nokre nissar, ho skulle heim å feire jul.
Så i år pynta vi juletreet 1 desember sidan det ikkje er fare for at vi får julestemning av det. Og ikkje drøse det heller.:-) Vi kunne kjøpe eit ekte, men det måtte vi opp i 1000 lappen for og det er det vel ikkje verdt, ikkje mykje miljøvennleg heller med tanke på reisa..

Einaste tegn til julestemning har vore på julekonsertane, Laura sang i kyrkja og etter på var det voksnekoret som hadde konsert, vakkert!
Både Laura og Julie har hatt Christmas holiday concert i klassane sine. Det var morosamt og mykje god underholdning, dyktige elevar. Mykje sang, dans, musikk. Til og med lærarane hadde eget orkester og sang men det var rett og slett ikkje vakkert.
No er det ei veke igjen på skule så er det 3 veke juleferie, det skal bli spennande for mor og tre sosiale barn. Vi får satse på litt sightsing..

No er det leggjetid, her blir tidleg mørkt, så det er kanskje grunnen til at vi er så trøtte kvar kveld. Vi får blogge meir i våken tilstand. Goodnight!!!!

Ting eg gjer på!

Hei!
Julie her. Eg har ikkje so mykje og gjere på enten er vi på en offentlig plass eks: zoo, museum, badestrand, leikeland og badeland eller so e vi heime i condoen og bade eller spela tennis.
Eg lese veldig mykje bøker no for tida. Ein dag var vi på sjømannskirka dei skal legge ned biblioteket så vi kunne berre ta bøker uten og betale! Der var mange bøker og velge mellom vi tok med ein handlepose med bøker!
Her kan vi ikke bare gå rett ut og bygge hytte i skogen, det kunne vi jo heime!
Leksene går bra
Oliver har komt opp en level two!

Bamse klem frå Julie

Friday, December 3, 2010

Hei! Julie her...

Hei! No sitter vi i sofaen og ser på beat for beat på dataen. Søndag skal vi på besøk til Julie (en venn av meg) Der skal vi lage pepperkaker det blir spennande. På skulen går det bra vi skal ha holiday concert på tirsdag vi synge to sanger so er kinesiske en heiter jasmine flower og den andre eite chan mali chan også skal vi ha på eit kostyme vi skal ha eit skjerf til skørt og ein kvit t-skjorte. Idag hadde vi prøve på holiday concert og det var viktigt at vi smilte og alle sammen skulle smile og vi var 30 stykker og eg og Henrik en fra stavanger var dei som smilte mest og best;) også har vi spelt fotball kamp då vann vi ein vi og tapte en.