Blir litt lenger mellom bloggane. Det ser ikkje ut som ongane har så god tid å skrive, så då blir det mor som må blogge.
Vi har det iallefall bra! Forrige veke hadde ongane fri onsd. torsd. og fred. Då hadde vi oss ein tur i Mc.Rithie park der vi gjekk på bruer høgt i tre toppane. Noko for Hånndalen?? Over storeelva?? Vi møtte på apekattar som mor ikkje er så veldig glad i. Må ikkje mate dei, då blir dei nærgåande. Ein fin og varm tur!
Torsdagen var alle tre på besøk med nokon vennar. Så då gjekk mor i butikkar og sjekka ut utvalget. Plagar meg at dei selger vinterkle og vintermote. Eg vil ha sommarkle og sommarfarga, ikkje grått og svart.
Fredagen var Lars på lutefisk julebord med norske mannfolk gjennom ambassaden. Det virka betre enn damenes julebord. Dei fekk besøk av Robert Stoltenberg (vaktmester Narvestad og Pirka ). Og dei hadde litt meir program med songar + div. Dei var nok betre sponsa!
Søndagen vart vi invitert på båttur av ein hyggeleg familie frå Noreg. Kjempetur, det var ein stor båt med egen kaptein og vi var tre familier. Vi reiste ut til ei ubebudd øy. Fin strand og nydeleg veir. Dei hadde bestilt med god lunsj og drikke. Så vi koste oss med lunsj og etter på var det bading i sjøen. Dei svømmde inn til land og såg seg rundt. Vi reiste heim når sola hadde gått ned. Var maks heldige med veiret, vart regn og torden når vi var komt heim.
Ein kjempe dag!
Så er mor starta å køyre bil, det er herleg, sleppe å vere avhengig av sjåfør. Det er litt uvant, tar feil side når eg skal gå inn i bilen, rattet på feil side. Og mykje vindusviskara, blinklyset og vindusviskarane er på feil side. Men eg har berre køyrt i nærmiljøet, ikkje tort meg inn i dei største kryssa. Men er på god veg! Må berre huske at eg skal sitte inn mot midten..
Julie hadde sine første fotballkampar på måndag, vann ein og tapte ein. Trur ho synast det var kjekkt. Skal spele på måndag igjen.
Lars feira dagen sin på onsdag, då var vi på thai express og åt middag og cupcakes til dessert heime. Mor laga cupcakes, og det er ikkje like lett som heime, må improvisere når ein manglar div. utstyr å gå på oppdagerjakt i butikken etter alle indigriensane.
Ellers var mor på skulen og lagde julekostyme til klassen til Laura på torsdag, det hadde det vel ikkje blitt tid til i Hånndalen. Dei skal ha Holiday concert på onsdag 1 des.
Dette var litt av dagleglivet så langt..
Klem frå oss alle.
Svømmebassenget!
Morgenbad, Dagbad og kveldsbad.
Friday, November 26, 2010
Sunday, November 14, 2010
Heimelengsel!
Måndag 15 november. (bloggen viser feil dato)
Godmorgen!
No er trimturen ferdig og eg har sjekka facebooken. Ser at det nærma seg jul, men det er lite som minner om jul her. Eller det vil seie dei forsøker så godt dei kan, men det er vanskeleg å få feelingen. Dei har pynta gatene, butikkane osv. mykje rosa, turkis pastell og fjas, rett og slett ikkje fint. Og eg ser litt svart på det å prøve å lage julestemning i heimen, vi treng jo absolutt alt nytt. Skal vi bake må vi jo ha bakebolle, kjevle osv.
Men eg trur det er litt viktig å prøve å få litt julestemning i heimen, så ikkje heim lengselen blir for stor. Men det er jo nesten 5 veker til jul. Vi får prøve så godt vi kan, dei selger jo grantre her og. Ikkje så miljøvennleg, har frakta det frå Europa ned her, for at vi skal kjøpe det for nokre dagar. Vi får sjå kva vi går for? -norsk stil eller -plastic is fantastic?
Mor var på damejulebord på fredag, fekk ikkje julestemninga der heller. Fekk lutafisk, men det var ikkje som mors. Ho Gerd i Håja er mykje flinkare å lage lutafisk enn eit av det dyraste hotellet i Singapore. Vanskeleg å kopiere norske tradisjonar på andre sida av jordkloden. Men eg fekk smake Singapore sling på Long Bar (Raffles Hotel). Og den var ikkje god, men alle må smake den. Kjennemerke frå Singapore! Den var søøt! Men baren var morsom, der skulle ein kaste peanøtskala rett på golvet. Kvifor huskar eg ikkje, dei hadde og eit musikkband som har spelt der i mange år. Dansemusikk!
På laurdagen var det tidleg opp, og vi reiste på julebasar i kyrkja. Der var mor med å steikte bollar i varmen og Laura sang i koret. Der kjøpte vi litt kransekakestenger og lefse. Kanskje dei gjer oss litt julestemning. Laura fekk lage litt julepynt på juleverkstedet.
Mor merkar at heimelengselen etter familie og vennar kjem snikande, skulle gjerne hatt litt besøk i jula. Det blir ein lang juleferie for mor og born, dei har fri frå 17 des. til 12 januar. Det blir kanskje ein tur til Thailand i romjula når far har fri. Jul er no ein gong familie tid! God Klem..

Wednesday, November 10, 2010
Går betre og betre for kvar ein dag!
No er vi komt inn i rutinene både store og små.
Virkar som det går betre for Laura, når ho kjem hoppande og smilande heim reknar eg med at det har vore ein fin dag.
Oliver og Julie er med på 9-13 års klubb nokre måndagar i månaden. Og i helga overnatta Oliver i sjømannskirka frå fredag til laurdag med klubben. Eg reiste bort og var badevakt laurdag morgen. Etter på var det risengrynsgraut, saft og vafler. Julie var i Haloweenbursdag med ei jente i klassen på fredagen.
På tysdagen fekk Laura vise filmen sin på koret, dei synast det var stas å få sjå norsk barnetv. Laura likar veldig godt å få syngje å vere med på kor.
Julie begynte på forballtr. på mandag, men der var veldig lite jenter, så eg veit ikkje korleis det går. Om det blir noko skulelag?
Mor har har vore på sin faste trenings tur i Mc Rithie Park, såg heldig vis ingen slanger berre apane.
Far jobbar og tjenar til livets opphold, når han kjem heim er det nokon ivrige born som vil ha ein bit av han. Då er det lekser og bading.
På fredagen var det Deepavali, Indisk nyttår feiring, då hadde alle fri. Dagen vart brukt ilag med venner. Oliver fekk besøk av ein gut, Julie vart med ei jente på badeland, og Laura og eg reiste på besøk til nokon Sunnmøringar.
Ellers har vi faktisk vore på møbelbutikk i helga og, blir aldri ferdig. Vi kjøpte daybed, nattbord, og kanskje ein skillevegg som er laga av gamle dører frå India.
Søndagen reiste vi på Science Centre, litt som teknisk museum i Oslo. Spennande såg Imax Movies, ein kinosal som ei kule der du ser filmen i heile taket. Og filmen var om Sea Rex, historia om starten på dinosaurane og fram over. Og ellers var der veldig mykje spennande, vi kom ikkje over halva, så her må vi tilbake.
Julie har vore på camp i ein zoo, 2 netter. Vi vakna til torden og det rann ned med regn. Då vart eg litt bekymra, men ei mor sa at dei hadde eit hus og søkje tilflukt i. Og ho kom heim kjempe fornøgde.
No i denne stund lyne det rett utanfor vinduet mitt, det er litt skremmande, ser lynet skikkeleg. Og så renner det ned. Heilt utruleg, har ikkje opplevd makan! November til Januar er det regntid her. Har vore ein del lyn og torden og skikkelege regn / dusj byger etter på. Så kan det skine opp igjen, men tempraturen er varm heile tida.
Det var litt om dei 2 siste vekene, dagane går veldig fort, og ting tar tid her. Det er jo ein storby med stor trafikk og mykje mennesker. God kontrast til Hornindal heldigen oss som får oppleve begge.:-) Klem

Subscribe to:
Posts (Atom)